Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon:

Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon: Ingun Redalen White

Kva meiner du om framtida di?

Formannskapet har lagt kommuneplanen sin samfunnsdel på høyring til 7. august 2017. Vi lurar på kva du synes, og ønskjer å høyre frå alle som har innspel. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel handlar om framtida til kommunen. Framtida til kommunen er framtida di. Difor er det viktig for oss å høyre kva du meiner.

Til arbeidet med samfunnsdelen har vi fått innspel frå tilsette i kommunen, politikarar, næringsliv, lag og organisasjonar, ungdomsrådet, barn og unge på skulane våre og innbyggjarar i heile kommunen.

Totalt har fleire hundre kome med fleire tusen innspel til planen. Vi har lest alle innspela!

Trykk her for å laste ned og lese alle innspela.

Her kan du lese planen

No er det første utkastet til planen klart, og vi spør igjen - Kva meiner du?

Formannskapet har lagt kommuneplanen sin samfunnsdel på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §11-14. 

Trykk her for å laste ned og lese i høyringsutkastet til kommuneplanen sin samfunnsdel.

Du kan låne ein kopi av planen i kundesenteret på rådhuset, om du ønskjer å lese han på papir i staden for skjerm.

Slik kjem du med innspel

  1. Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu
  3. Fyll ut skjemaet og trykk på send

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Høyringsfristen er måndag 7. august 2017.

Web levert av CustomPublish