Kurs i livsstilsendring og meistring av eiga helse

Dette er eit godt tilbod til deg som har eller står i fare for å utvikla livsstilssjukdom som til dømes diabetes type 2, overvekt, hjarte-/karsjukdom.

Det er no klart for eit nytt kurs i livsstilsendring og meistring av eiga helse. Dette er eit interkommunalt tilbod over 3 månader. Kurset er lagt til Nordhordlandshallen.
Det er følgjande kursdatoar: 6.mars 13.mars, 5. april, 9. mai, 7. juni.
Tid:  09:30 – 14:00.

Kurset vert leia av helsepersonell og brukarrepresentant.
Tema vert smart mat for betre helse, aktivitet, gode verktøy for å lukkast med endring av livsstil og leva godt med eigne helseutfordringar. Kvar kursdag  er lagt opp med teoridel, lunsj og fysisk aktivitet.

Påmelding: innan 24. februar 2017
På e-post :  post.lms@sing.no
Eller SMS/RING : 40910488 mellom kl 0930-1330,

Kursavgift kr 500,- Dette inkluderar lunsj og kursmateriell.
Fastlegen din har fått informasjon og kan også tilvisa deg.

Web levert av CustomPublish