Du er her: Start/Kva kan vi hjelpe deg med?/Skule og utdanning/Skule for vaksne/Kurs i grunnleggande ferdigheiter
Kurs i grunnleggande ferdigheiter
Treng du grunnleggande opplæring i lesing og skriving, rekning eller digitale ferdigheiter?
Du har rett til å få denne opplæringa frå kommunen utan å ta heile fag. Målet med opplæringa er å hjelpe deg til vidare utdanning eller jobb.
På kurset får du opplæring i å:
- Lese og skrive
- Rekne
- Bruke data og internett
- Uttrykke deg munnleg
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Søknadsfrist
Du kan søke heile året.
Ønskjer du plass frå hausten, må du søke før 2. mai.
Slik søkjer du
Alle som vil ta kurset i grunnleggande ferdigheiter blir invitert til ein samtale om påmelding hos oss i Kvassnesvegen 27 i Knarvik.
Til samtalen må du ta med:
- Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
- Legitimasjon med bilde
- DUF-nummer eller fødselsnummer
- Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
- Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.
Kontakt oss
Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.
- E-post: lindas.vaksenopplaring@lindas.kommune.no
- Telefon: 56 37 54 13 eller 474 61 141