Kommunen inviterer eldre heimebuande til gratis kurs for å trene styrke og balanse.

Kommunen inviterer eldre heimebuande til gratis kurs for å trene styrke og balanse.

Kurs for betre balanse

Vi gjentar suksessen frå i fjor og tilbyr kurs i å trene styrke og balanse. Kurset er gratis og mynta på heimebuande eldre i kommunen.

Gruppetrening

Du kan få trene styrke og balanse i gruppe leia av fysioterapeut. Det er plass til omlag 10 deltakarar i kvar gruppe. Tilbodet går over 6 veker, med trening 2 gongar i veka. Ved behov vil du i løpet av perioden få heimebesøk av ergoterapeut for råd, rettleiing og tilrettelegging av bustad. I kvar gruppe vil vi også ha korte tema om ulike faktorar som kan påverke fallrisiko.

Målgruppe og kriterier for deltaking

  • Du er motivert for å trene styrke og balanse.
  • Du har eit ønskje om å auke aktivitetsnivået gjennom trening to gongar i veka.
  • Du er kanskje redd for å falle, eller har falt tidlegare.

Gratis tilbod

Tilbodet er gratis. Deltakarar må kome seg til trening sjølv. Ved særlege behov kan drosje rekvirerast. Eigenandel til drosje må påreknast.

Treningslokaler og dagar

Lindåshallen: måndag og torsdag

Knarvik sjukeheim (treningssalen): måndag og torsdag

Oppstart: September, nærare informasjon om dato

Slik kan du ta kontakt

Meld interessa di så snart som mogleg! 

Alle som melder seg på blir kontakta av fysioterapeut for ein samtale om innhaldet.

Les om tilbodet i ein artikkel på Strilen sine heimesider.

Her kan du lese Avisa Nordhordland sin omtale av tilbodet.

 

Web levert av CustomPublish