Kunngjøring 1. gangs offentlig ettersyn av reguleringsplan for Hosøyvegen småbåthamn, gbnr 11/135

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 08.06.2016, sak 070/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Hosøyvegen småbåthamn, gbnr. 11/135 m.fl., ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for etablering av småbåthamn ved Hosøyvegen på gbnr. 11/135, mellom Hosøy og Storholmen. Hamna inkluderer opparbeiding av nytt landområde for parkering, slipp, bodar, gjestekai og liknande., samt flytebrygge med plass til opp til 75 båtar.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 09.07.2016 til 27.08.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan-id 1263-201513, dokumenter.

 

Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 27. august 2016 til: Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish