Kunngjøring 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Jydalen, gbnr 24/4 m.fl.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 25.05.2016, sak 061/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Jydalen, gbnr. 24/4 m.fl., ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for bygging av 7 nye bustadhus - anten som 7 einebustadar med moglege sekundærbueiningar, 7 tomannsbustadar, eller ein kombinasjon av desse - på gbnr. 24/4. Dei  nye bustadhusa vil knyte seg på eksisterande vegtilkomst frå fv 397. Det er lagt opp til leikeareal innanfor planområdet, sett av areal til naturføremål, samt vidareføring av eksisterande landbruksareal.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 09.07.2016 til 27.08.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan-id 1263-201510, dokumenter.

 

Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 27. august 2016 til: Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish