Kunngjering mindre endring av reguleringsplan Knarvik Terrasse

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 18.06.2015, sak 061/15, godkjente mindre endring av reguleringsplan Knarvik Terrasse, plan-id 1263-200203.

Bakgrunnen for den mindre endringa er at ein ynskjer å byggje ut bustader og kutte ut næring i det aktuelle området. Vidare er utnyttingsgraden sett ned frå 300 % til 225 %. Det er sett ei flat byggehøgd på 31 meter, mot 32,6 og 29,8 tidlegare, og det vert kun tillate med fire etasjar, mot fem tidlegare. Det er vidare sett krav om fortau langs den aktuelle tomta og det er krav om overvasshandtering. Planen er elles tilpassa krava som ligg i områdeplan for Knarvik sentrum i høve uteopphaldsareal, leik og parkering for køyrety.

 

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 04.07.2015 til 08.08.2014 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på braplan: www.geoweb.no/braplan. I braPLAN, søk på plan-id 1263-19032007, dokumenter.

 

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om mindre reguleringsendring kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Grunna ferieavviklinga vert klagefristen utvida med to veker. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

 

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, via elektronisk merknadsskjema eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 08.08.2015.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish