Kunngjering mindre endring av reguleringsplan for Helleåsen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert det kunngjort at plan- og miljøutvalet i møte den 29.04.2015, sak 44/15, godkjente mindre endring av reguleringsplan Helleåsen, plan-id 1263-19032007.

Endringa gjeld ei presisering av nemning for utnyttingsgrad i føresegnene til planen, då det er nytta ulik nemning for utnyttingsgrad i føresegnene og plankartet. Føresegnene er no endra til å nytte % BYA, i samsvar med nemninga brukt i plankart.

 

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 04.07.2015 til 08.08.2014 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på braplan: www.geoweb.no/braplan. I braPLAN, søk på plan-id 1263-19032007, dokumenter.

 

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om mindre reguleringsendring kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Grunna ferieavviklinga vert klagefristen utvida med to veker. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

 

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, via elektronisk merknadsskjema eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 08.08.2015.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish