Kunngjering - høyring av mindre reguleringsendring for Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert framlegg til mindre endring av reguleringsplan for Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1, med plan-ID 1263-21031975, sendt ut på høyring.

ABO plan & arkitektur har søkt om endringar av dei gjeldande reguleringsføresegnene, som vart vedtekne 21.03.1975.

Bakgrunnen for høyringa er at fleire av dei opphavlege føresegnene ikkje er i tråd med dagens reglar, og at planen manglar utnyttingsgrad.

Oppbygginga av føresegnene er føreslått oppdatert i tråd med gjeldande malar for reguleringsføresegner. Dette inkluderer også paragrafoppsettet.

Åtte av dei gjeldande føresegnene er foreslått fjerna. Av vedlegget «Søknad om mindre endring i gjeldande reguleringsføresegner for planID. 1263_21031975. Lindås kommune – Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1» går det fram kva som er føreslått fjerna. Administrasjonen har sett på desse punkta opp mot dagens reglar, kva ein allereie har gitt løyve til i dei delane av planområdet som er bygd ut, og kva som er mogleg å føre opp innanfor dei ubebygde tomtane. Kommunen vil på bakgrunn av dette fremme framlegget til føresegner som er føreslått fjerna.

Fire av føresegnene er føreslått endra. Desse går også fram av vedlegget omtalt i avsnittet over. Administrasjonen har sett på desse små endringane opp mot kva det allereie er gitt løyve til innanfor planområdet, og vil fremme framlegget til føresegner som er føreslått fjerna.

Av dei gjeldande føresegnene er fire stykke føreslått erstatta. Desse går også fram av vedlegget omtalt over. Administrasjonen har sett på det som er tenkt erstatta, hovudsakleg gjennom utfyllande informasjon og oppdatering i tråd med gjeldande kommuneplan, og vil fremme framlegget til føresegner vist som erstatta.

Til sist er det i framlegget lagt til fem nye føresegner. Desse går også fram av vedlegget «Søknad om mindre endring i gjeldande reguleringsføresegner (…)». Administrasjonen har sett på dei framlagte nye føresegnene. Desse gir i hovudsak utfyllande informasjon i tråd med gjeldande kommuneplan. Administrasjonen vil vurdere om § 2.3.1 i framlegget til nye føresegner bør verte tilrådd fjerna: «Der det ligg til rette for det, kan det etablerast kjede- eller rekkehus.» Flesteparten av tomtane innanfor planområdet er allereie bygd ut, men det står att nokre tomtar. Storleiken på desse varierer mellom 828 og 1 170 m2. Sett i lys av at ein bør kunne gå ut ifrå at krava sett i planen skal kunne verte stetta, t.d. gjennom § 2.3.2: «Minste tomteareal for tomannsbustader er 1000 m2 (500 m2 per bueining).», at tomtane er bratte og at krav til minste uteopphaldsareal (MUA) med tilhøyrande kvalitetskrav er minimum 200 m2 pr. hovudbueining, vil administrasjonen i den vidare sakshandsaminga vurdere om § 2.3.1 bør verte tilrådd fjerna. Dei fire andre nye føresegnene vil administrasjonen fremme som føreslått lagt til planen.

Kommunen vil på bakgrunn av dette i all hovudsak fremme framlegg til endring av reguleringsføresegnene.

Det gjeldande plankartet har ikkje informasjon om utnyttingsgrad. Utnyttingsgrad er lagt inn i framlegget til endra føresegner, og plankartet vert ikkje endra.

FRAMLEGG TIL PLAN

Reguleringsplanen vert ikkje endra utover føresegnene. Dei føreslåtte endringane er å finne i dokumentet «Søknad om mindre endring i gjeldande reguleringsføresegner for planID. 1263_21031975. Lindås kommune – Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1» som er lagt ved dette kunngjeringsbrevet. Kommunen ønskjer å handsame reguleringsendringa som ei mindre endring etter plan- og bygningslova § 12-14.

Framlegget til reguleringsendring ligg ute på høyring frå 28.09.2016 til 26.10.2016. Plandokumenta ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen på rådhuset, og dei vert også å finne på kommunens digitale planarkiv, braPLAN (www.geoweb.no/braplan): søk på plan-ID 1263-21031975.

 

Vi ber om at merknader til framlegget til reguleringsendring vert sendt innan 26. oktober 2016 til: Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

eller via e-post til: postmottak@lindas.kommune.no

Søknad om mindre endring 08.02.2016 (L)(191263).doc PDF document ODT document

Nye føresegner 08.02.16 (191264).docx PDF document ODT document

Eksisterande føresegner (191265).pdf

Arealplankart (191475).pdf

Web levert av CustomPublish