Kunngjering godkjent reguleringsplan Sjøvold, Seim - planID 1263-201514

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 09.03.2017, sak 006/17, godkjente reguleringsplan for Sjøvold, Seim, plan-id 1263-201514.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustadbygging innanfor 172/6 og 172/26. I tillegg til bustader er det lagt inn felles leikeareal for bustadane og det er lagt inn tilkomstveg med fortau i området. Kommunen har i tillegg bedt om at tilstøytande eigedomar skal regulerast, og desse er regulert med dagens situasjon som utgangspunkt og det er ikkje opna for fleire bustader på desse eigedomane. Det er elles knytt rekkefølgjekrav til opparbeiding av fortau i området.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 22.03.2017 til 12.04.2017 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne i kommunen sitt planregister, braPLAN, www.geoweb.no/braplan. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201514, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om godkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 12.04.2017.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan. Før det kan reisast søksmål om vedtaket er gyldig eller krav om erstatning, må høve til å klage på vedtaket vere nytta fullt ut, jf. fvl. § 27b.

Web levert av CustomPublish