Kunngjering godkjent reguleringsplan for Kubbaleitet

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 17.12.2015, sak 127/15, godkjente reguleringsplan for Kubbaleitet, plan-ID 1263-201215.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for utbygging av eit større område (Kubbaleitet) som er avsett til bustadføremål innanfor kommunedelplan for Knarvik‐Alversund. Det er fleire ulike grunneigarar innanfor planområdet, og området vil truleg bli bygd ut etappevis. Totalt vert det opna for 170 nye bustadeiningar innanfor planområdet på totalt 79 daa. I tillegg er det lagt opp til at det skal etablerast kyststi som vist i kommunedelplanen gjennom området, og ein ynskjer å legge til rette for bruk av dei sjønære naturområda. I tillegg til bustader er det regulert inn naust knytt til dei eksisterande naustmiljøa langs sjølina.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 23.01.2016 til 13.02.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263‐201215, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 13.02.2016.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish