Kunngjering godkjent reguleringsplan for Fløsvika

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 17.12.2015, sak 126/15, godkjente reguleringsplan for Fløsvika, plan-ID 1263-201009.

Planframlegget legg opp til nye bueiningar fordelt på 5 område for konsentrert småhusbygningar av typen leiligheiter og rekkehus, inkludert fortetting i frittliggande småhusområde. Planen legg i tillegg opp til å binde saman det nye bustadområdet med eksisterande bustadområde i sør med ein gangsti. Det er elles lagt opp til at nokre av eigedomane som var satt av til fritidsbustad i kommuneplanen vert regulert om til bustadområde.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 23.01.2016 til 13.02.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263-201009, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 13.02.2016.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish