Kunngjering godkjent reguleringsplan for Alverneset, planid 1263-201402

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunesyret i møte den 17.12.2015, sak 125/15, godkjente reguleringsplan for Alverneset, planid 1263-201402.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for bygging av 3 einebustader og ein seksmannsbustad på eigedom 137/28. Det er lagt opp til utbetring av tilkomst til planområdet, og det er lagt opp til gode leikearealer med tilgang til sjø. Området ned mot sjøen er lagt ut som friområde og skal kunne nyttast av ålmenta. Det er også lagt opp til at den planlagde kyststien skal få plass til å gå gjennom området. I BKS1 kan parkering og leikeareal for eigedom 137/259 løysast om det vert gjort ei reguleringsendring for reguleringsplan for Isdalstø kai.

Har du merknader til planforslaget?

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 23.01.2016 til 13.02.2016 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne i kommunen sitt planregister, braPLAN, www.geoweb.no/braplan I braPLAN, søk på plan-id 1263-201402, dokumenter.

Om klage og verknad av plan:

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 13.02.2016.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan

Web levert av CustomPublish