Kunngjering godkjent reguleringsplan Bergåsstranda naustområde, plan-id 1263-201403

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 16.06.2016, sak 035/16, godkjente reguleringsplan for Bergåsstranda naustområde - Myksvoll, plan-ID 1263-201403. 

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for etablering av naustmiljø med 5 nye naust, samt å bygge tilkomstveg og parkering til desse. Ny tilkomstveg vert også ny tilkomst til eksisterande hytte på gbnr 63/11 og eksisterande tilkomst til eigedommen vert stengd. I tillegg er det regulert til fritidsbustad innanfor planområdet.

Reguleringsplanen ligg ute til gjennomsyn frå 09.07.2016 til 20.08.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263‐201215, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Grunna ferieavviklinga vert klagefristen forlenga med to veker. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

 

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 20.08.2016.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish