Kunngjering godkjent mindre endring av reguleringsplan Helleåsen plan-ID 1263-19032007

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert det kunngjort at plan- og miljøutvalet i møte den 08.06.2016, sak 077/16, godkjente mindre endring av reguleringsplan for Helleåsen, plan-id 1263-19032007.

Reguleringsendringa gjeld endring av tilkomst til BK-områder, etablering av område for post og boss, endring av avkøyrsler til nokre tomter og etablering av to mindre parkeringsplassar. I høve planmaterialet som var på høyring, b er det gjort endring i tilkomst til gbnr 202/118 og eigartilhøve for område P1.

Reguleringsplanen ligg ute til gjennomsyn frå 09.07.2016 til 20.08.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263-19032007, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Grunna ferieavvikling er klagefristen utvida med 2 veker. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

 

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 20.08.2016.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish