Kunngjering eigengodkjent detaljreguleringsplan for Stølshaugane, gbnr 141/ 1 og 141/3 m.fl. PlanID 1263-201302

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 12.05.2016, sak 023/16, godkjende reguleringsplan for Stølshaugane gbnr. 141/1 og 141/3 m.fl. PlanID 1263 - 201302.

Detaljreguleringsplan for nytt bustadområde på Stølshaugane var 1. gangs handsama i plan -og miljøutvalet den 02.09.2015. Planframlegget vart retta opp i høve til vedtaket og sendt ut på høyring og offentleg ettersyn i perioden 19.12.2015-06.02.2016. Det kom inn 6 merknader til planframlegget, 4 offentlege og 2 private. I tillegg har saka vore til vurdering i råd og utval i Lindås kommune. Eldrerådet, Levekårsutvalet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har komme med uttale i saka om universell tilgjenge.

 

Som følgje av merknadane er det gjort følgjande endringar i planframlegget etter 1.gongs høyring: 

1. Følgjande føresegner skal inn under § 2.1 Rekkjefølgjekrav;

a) Før arbeid på og nær fylkesveg 404 kan gjennomførast skal det underskrivast ein gjennomføringsavtale med Statens vegvesen med grunnlag i byggeplan for tiltaket.

b) Før arbeid på og nær fylkesveg 404 kan gjennomførast skal det òg utarbeidast skilt- og sikringsplan som skal godkjennast av Statens vegvesen.

 

2. Føresegn § 2.3.1 Universell utforming vert endra til;

Prinsipp for universell utforming skal leggjast til grunn for bygg og uteareal.

Det skal leggjast til rette slik at flest mogleg bustader får trinnfri tilkomst for rørslehemma.

Trafikkområdet og leikeplassar skal være utforma slik at alle skal kunne nytta dei på ein likestilt måte utan spesiell tilpassing.

 

3. Føresegn § 3.2.3 under Leikeplass vert endra til;

3.2.3 I LEIK02 ,som er avsett til naturleikeplass, skal det opparbeidast eit universelt utforma areal på minimum 200 m2 med sklie, huske og sandkasse.

 

4. Det skal regulerast 2 møteplassar langs tilkomstvegen til bustadfeltet, plassering av møteplassane skal gjerast i dialog med vegavdelinga i Lindås kommune.

 

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 09.07.2016 til 20.08.2016 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/.  Søk på planID 1263-201302, dokumenter.

 

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Grunna ferieavviklinga vert klagefristen forlenga med to veker.

 

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no  innan 20.08.2016.

 

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish