Kunngjering av søknad etter akvakulturlova om utviding av settefiskanlegg i Bjørsvik

Lerøy Vest søker om utviding av anlegg for oppdrett av settefisk av laks og aure på lokalitet 13653 Bjørsvik i Lindås kommune, for konsesjon H-L-5. Det vert søkt om å auka settefiskproduksjonen frå 2,5 millionar til 7,5 millionar laks og aure på lokaliteten.

Søknaden til Hordaland fylkeskommune er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 4 veker i ekspedisjonen på rådhuset i Lindås kommune og fristen for merknader er 4 veker etter kunngjeringsdato. Dokumenta er også å finne via linkane nedst i denne artikkelen.

 

Lindås kommune skal gje uttale i saka, og ber om eventuelle merknader i denne samanheng. Etter endt høyring vil kommunen sende inn innkomne merknader til Hordaland fylkeskommune saman med ei høyringsuttale i saka.

 

Eventuelle merknader vert å sende til Lindås kommune, Postmottak, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller elektronisk til postmottak@lindas.kommune.no.


Merknadsfristen er utvida til 15.08.2015

Web levert av CustomPublish