Kunngjering av godkjent reguleringsendring for Mangerbua 2

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert det kunngjort av kommunestyret i møte den 26.11.2015, sak 106/15, godkjente reguleringsendring for Mangerbua 2, plan-ID 1263-200817.

Reguleringsendringa legg til rette for auka utnytting i form av terrrassebustader på eitt av delområda i den opphavlege planen, samt auka grad av utnytting for dei andre delfelta. Det er teke vekk moglegheit for sekundærbustad i felt B5 som følgje av auka i utnytting. I tillegg er det regulert til offentleg leikeområde aust i området og det er gjort ei planteknisk opprydding i plankartet og føresegner.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 23.01.2016 til 13.02.2016 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne i kommunen sitt digitale planregister, braPLAN, www.geoweb.no/braplan. I braPLAN, søk på plan-ID 1263-200817, dokumenter.

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 13.02.2016.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Web levert av CustomPublish