Kunngjering av framlegg til planstrategi og planprogram for samfunnsdelen for Lindås kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 og 11-13, vart det i Formannskapet den 12.5.2016 fatta vedtak om at framlegg til planstrategi og planprogram for samfunnsdelen for Lindås kommune vert lagt ut til offentleg høyring.

Arbeidet med kommunal planstrategi for komande valperiode blir slått saman med oppstart av arbeidet med kommuneplanen. Det betyr at arbeidet med kommunal planstrategi blir slått saman med planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel. Den kommunale planstrategien må då følgje prosessreglane for eit planprogram (jf. Pbl § 11-12 og 11-13).

Planstrategien viser viktige utviklingstrekk og utfordringar kommunen står ovanfor dei næraste åra, og kva planar kommunen skal prioritere i perioden for å møte utfordringane. Planprogrammet for samfunnsdelen skildrer kva for tema ein skal ta opp i sjølve planprosessen. Val av særskilte tema er basert på sentrale utfordringar, nasjonale og regionale føringar og lokale politiske mål og strategiar. I tillegg inneheld dokumentet også ei førebels  vurdering av særskilte tema, som kan vere til grunnlag for eit planprogram for kommuneplanen sin arealdel. Prosessen med arealdelen vil starte opp i 2017.

Dokumentet vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 21.5.2016 – 16.7.2016. Dersom du har merknader eller innspel til prioriteringane som er lagt til grunn i dokumentet er du velkommen til å sende desse til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via kommunen sine heimesider under «høyringar», eller pr. e-post til postmottak@lindas.kommune.no.

Kommunal planstrategi og planprogram samfunnsdelen_12.05 (165649).docx PDF document ODT document I

Vedtak (165659).pdf

 

 

Web levert av CustomPublish