Kunngjering 1. gongs offentleg ettersyn - områdeplan for Alversund, del av gnr 137 og 138, PlanID 1263-200902

Plan- og miljøutvalet vedtok i møte den 21. mars i år (sak 47/18), og i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10, å leggje områdeplan for Alversund til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 300 dekar.  Føremålet med områdeplanen er i første rekke å leggje til rette for ny barneskule med fleirbrukshall,  aktivitetsområde, og tilhøyrande infrastruktur.  I tillegg legg områdeplanen til rette for etablering av to nye bustadfelt, samt fortetting i etablert bustadstruktur.  Planframlegget legg og til rette for tenesteyting på arealet der Alversund skule ligg i dag. Det same føremålet er føreslege på eit areal aust for fv 565. Fleire automatisk freda kulturminne er sikra i planen med omsynssone og  arealføremål grøntstruktur,  eller føremål landbruk- natur og friluftsområde.  Tre automatisk freda kulturminne vert søkt frigjeve for å sikre gjennomføring av infrastruktur til skulen.

 

Plandokumenta består av plankart, føresegner, planomtale med risiko og sårbarheits vurdering, støyvurdering og støykart, og notat om konsekvensutgreiing. Samandrag av merknader og innspel til planarbeidet med vurdering er lagt inn i planomtalen.

 

Lindås kommune har ope kontordag den 2. mai frå kl. 15.30 til kl. 18.30 på Alversund skule. Plankonsulent  vil saman med representantar frå plan- og miljøutvalet, og administrasjonen i kommunen vere til stades for å gje informasjon og svare på spørsmål.

 

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen på Lindås rådhus.

 

Vi ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 23.05.2018 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kverhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no. Merk sendinga med saksnummer 2014/1235.

 

1263-200902_Omrplan_Alversund.pdf

Alversund Støysonekart.pdf

Føresegner_Alversund_11.03.2018_rev26.03.2018.pdf

Omraadeanalyse%20Alversund%20(red).pdf

Planomtale 26.03.2018.pdf

PMU sak med vedtak nr 47 2018.pdf

Rapport 46-2009 Alversund (L)(218205).pdf

Rapport 50-2011 Alversund.pdf

Støyvurdering_Alversund (2).pdf

Vurdering_KU-notat_10.03.2018.pdf

 

 

Web levert av CustomPublish