Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Vesleheimen, gbnr 137/63 m.fl.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 17.02.2016, sak 007/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Vesleheimen, gbnr 137/63 m.fl, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for 19 nye bustader på gbnr 137/63, med tilhøyrande vegtilkomst, grøntareal og leikeareal. Bustadane er tenkt utført i tre bygg på høvesvis 4, 6 og 9 bueiningar. Det vert felles parkeringskjellar for alle bustadane i tillegg til noko overflateparkering. Det er lagt opp til gode fellesareal med leikeplassar, utsiktspunkt, felles tun, m.m. Reguleringsplanen regulerer også dagens kryssløysing ved Hordasmia, med mål om å få til ei meir oversiktleg kryssløysing med tanke på trafikkauken som vil kome i samband med utvikling av reguleringsplanar i området.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 27.02.2016 til 09.04.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-ID 1263-201303, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 09.04.2016 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish