Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Nesfossen, plan-id 1263-201508

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 27.04.2016, sak 052/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Nesfossen, plan-id 1263-201508, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. 

Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for ei større utviding av akvakulturanlegget som ligg på Nesfossen i dag, med sjøvassbasert anlegg for smoltproduksjon med tilhøyrande naudsynte anlegg og infrastruktur. Utvidinga er tenkt i nordvestleg retning frå dagens anlegg og arealet er i kommuneplanen sett av til LNF-område. Det er utarbeidd planprogram og konsekvensutgreiing for det planlagde tiltaket.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn i ekspedisjonen i Lindås rådhus frå 09.07.2016 til 27.08.2016. Plandokumenta vert også å finne på Braplan: www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-id 1263-201508, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til reguleringsendringa vert sendt innan 27.08.2016 til: Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til postmottak@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish