Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Langheiane B8 og B9

Plan‐ og miljøutvalet gjorde i møte 31.08.2016, sak 100/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Langheiane B8 og B9, gbnr. 188/772m.fl., ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan‐ og bygningslova § 12‐10.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for etablering av bustadbygging i Langheiane felt B8 og B9 på gbnr. 188/772, 775, 776, 778 og 793 m.fl. Her vil det verte opna for bustader i blokker på mellom 3 og 5 etasjar, med opp til 140 bueiningar  totalt. Innanfor felt B8 er bustadene lagt rundt eit tun med rekkehuspreg og tenkt for m.a. barnefamiliar. I felt B9 er det plassert fire blokker etter kvarandre med leilegheiter.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 28.09.2016 til 09.11.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263‐201502, dokumenter.

Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 9. november 2016 til: Lindås kommune, Plan og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller elektronisk via skjema på heimesidene til kommunen, eller via e-post til:  postmottak@lindas.kommune.no

1. gangs handsaming av reguleringsplan for Langheiane B8 og B9 (191107).docx PDF document ODT document

16005_Føresegner_Langheiane B8 og B9_22.09.2016 (195283).pdf

16005_Langheiane B8 og B9_Plankart_16.09.2016 (195280).pdf

16005_planskildring_Langheiane B8 og B9_22.09.2016 (195281).pdf

3D-perspektiv for B8 (171867).pdf

3D-perspektiv for B9 (171862).pdf

A1-401 - Snitt B8 (171720).pdf

A1-402 - Snitt B9 (171721).pdf

Illustrasjonsplan_Langheiane B8_18.08.2016 (187722).pdf

Merknader ved varsling_Langheiane_ samla (171708).pdf

Skredfarevurdering ved bustadområdet Langheiane B9 i Knarvik Lindås kommune_18.04.2016 (171712).pdf

VA_rammeplan_Langheiane B8 og B9 (171701).pdf

VA_rammeplan_Langheiane B8 og B9_notat (171703).pdf

Web levert av CustomPublish