Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Keilen Vest, gbnr 125/6 m.fl.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 29.04.2015, sak 043/15, vedtak om å leggje reguleringsplan for Keilen Vest, gbnr 125/6 m.fl, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for eit større bustadfelt på Kjeilen, med 34 einebustader og 3-4 fleirmannsbustader. Totalt vert det opna for maksimalt 50 bustader i området. Innanfor planen er det vidare lagt til rette for etablering av småbåthamn i eksisterande naustområde. Det er elles regulert inn leikeområde og lagt opp til koplingar ut mot friluftsområde.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 27.02.2016 til 09.04.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-ID 1263-201105, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 09.04.2016 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish