Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Bjørnestø småbåthamn, Vabø

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 02.12.2015, sak 169/15, vedtak om å leggje reguleringsplan for Bjørnestø småbåthamn, plan-ID 1263-201401, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.                  

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for ei utviding av eksisterande småbåtanlegg til inntil 20 plassar. I tillegg vert det regulert inn område til naustboder for båtplassane, parkering og vegtilkomst til området. I tillegg vert eksisterande naustområde regulert til same føremål. Vegtilkomst, parkeringsareal og naustboder ligg i kommuneplanen avsatt til LNF-område.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 19.12.2015 til 06.02.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-ID: 1263-201401, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 06.02.2015 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish