Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Bergåsstranda naustområde - Myksvoll

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 17.02.2016, sak 020/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Bergåsstranda naustområde - Myksvoll, gbnr 63/38 m.fl, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for 5 nye naust, samt bygge tilkomstveg med parkering. Ny tilkomstveg vert også ny tilkomst til eksisterande fritidseigedom på gbnr 63/11, og eksisterande tilkomst til 63/11 vert stengt. I tillegg er det regulert til fritidsbustad innanfor planområdet.

 

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 27.02.2016 til 09.04.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-ID 1263-201408, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 09.04.2016 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elektronisk via skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish