Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan for Åsgard småbåthamn - gbnr 22/6 m. fl.

Plan‐ og miljøutvalet gjorde i møte 31.08.2016, sak 101/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Åsgard småbåthamn, gbnr. 22/6 m.fl., ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan‐ og bygningslova § 12‐10.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for etablering av småbåthamn ved Åsgard på gbnr. 22/6, 16, 17 m.fl. Her vil det verte opna for flytebrygger med plass til opp til 30 båtar, oppgradering av to eksisterande lagerbygg, etablering av slippar, lagring av båtar, etablering av parkeringsplassar, opp til 3 nye naust, ein ny eine- eller tomannsbustad og ein badeplass med tilhøyrande friområde.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 28.09.2016 til 09.11.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen er også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan‐id 1263‐201502, dokumenter.

Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 9. november 2016 til:

Lindås kommune, Plan og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller elektronisk via skjema på heimesidene til kommunen, eller via e-post til:  postmottak@lindas.kommune.no

 

1. gangs handsaming av reguleringsplan for Åsgard småbåthamn (190812).docx PDF document ODT document

14044_Åsgard kai_2D illustrasjonsplan_20.06.2016_A3 (180310).pdf

14044_Åsgard småbåthamn_plankart_16.08.2016 (186952).pdf

14044_Føresegner_Åsgard småbåthamn_16.08.2016 (186949).pdf

14044_planskildring_Åsgard småbåthamn_16.08.2016 (186950).pdf

Lokalklimavurdering Åsgard Lindås kommune_22.06.2016 (180315).pdf

SAMLA_merknader ved varsling_Åsgard småbåthamn (130190).pdf

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Web levert av CustomPublish