Kunngjering 1. gangs høyring og offentleg ettersyn av reguleringsplan Eikhovden, Ostereidet

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 31.08.2016, sak 104/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Alver næringsområde, plan-id 1263-201511, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av eine- og tomannsbustader innanfor planområdet. Det vert lagt opp til 22 einebustader og 3 tomannsbustader, med moglegheit for sekundær bueining i 10 av bustadane. Totalt er det planlagt opp til 38 nye bueiningar i planområdet. Det er sett av tilstrekkeleg med leikeareal fordelt på fire leikeområder og eit større område sett av til uteopphaldsareal. Planområdet er lagt til rette med gjennomgåande gangvegar og turvegar. Det er i tillegg lagt inn rekkefølgjekrav om oppgradering av Eidavegen med fortau for å sikre trygg skuleveg.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 28.09.2016 til 09.11.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-id 1263-201511, dokumenter.

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 09.11.2016 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kverhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no.

1. gangs handsaming av reguleringsplan for Eikhovden, plan-id 1263-201511 (190815).docx PDF document ODT document

15017_Eikhovden_2D illustrasjon_11.07.2016_ A2 (183390).pdf

15017_Eikhovden_planføresegner_14.9.2016 (195306).pdf

15017_Eikhovden_Plankart_09_11.07.2016_ A1 (183395).pdf

15017_Eikhovden_Snitter_11.07.2016 (183396).pdf

Eikhovden_planskildring_14.9.2016 (195183).pdf

Illustrasjonar samla (195186).pdf

Web levert av CustomPublish