Kunngjering 1. gangs høyring og offentleg ettersyn av reguleringsplan Dalane, Lindås - planID 1263-201509

Plan‐ og miljøutvalet gjorde i møte 08.06.2016, sak 073/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Dalane, Lindås, planID 1263‐201509, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan‐ og bygningslova § 12‐10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av 8 bustader innanfor planområdet, med tilhøyrande parkering. Det er vidare lagt til rette for etablering av eit leikeareal på nedsida av bustadane. Bustadane er tenkt til husstandar i etableringsfasen og andre som har ei tilsvarande utfordring med å komme seg inn på bustadmarknaden.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 22.03.2017 til 03.05.2017 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan‐id 1263-201509, dokumenter.

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 3.mai 2017 til:

Lindås kommune, plan og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish