Kunngjering 1. gangs høyring og offentleg ettersyn av reguleringsplan Alver næringsområde

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 31.08.2016, sak 103/16, vedtak om å leggje reguleringsplan for Alver næringsområde, plan-id 1263-201206, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å utvide den eksisterande næringsverksemda i området og få ein meir effektiv arealbruk i området. Ein vil også betra vegtilhøva innanfor planområdet og tilkomst til planområdet frå fylkesveg 565 gjennom utbygging av området. Det er teke inn rekkefølgjekrav knytt til utbetring av tilkomstvegen inn til planområdet.

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 28.09.2016 til 09.11.2016 på rådhuset i Lindås kommune. Planen vert også å finne på braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan. Søk på plan-id 1263-201206, dokumenter.

 

Me ber om at merknader til planframlegget vert sendt innan 09.11.2016 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kverhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no.

1. gangs handsaming av reguleringsplan for Alver næringsområde, plan-id 1263-201206 (L)(190814).docx PDF document ODT document

12002_Alver næringsområde_Planføresegner_13.09.2016 (194664).pdf

Planskildring_Alverflaten.industri_13.09.2016 (194669).pdf

12002_Plankart_Alverflaten_13.09.2016_09_A2 (194668).pdf

12002_Alver næringsområde_Illustrasjon_13.09.2016 (L)(194662).pdf

 

Web levert av CustomPublish