Kulturskulen

Lindås kulturskule gir tilpassa undervisning til barn og unge i kommunen. Hovudbasen ligg vis a vis rådhuset i Knarvik, men undervisninga skjer også i Alversund, på Ostereidet og Lindås.

I dag har kulturskulen følgjande tilbod:

Kva får du?

Vi følgjer skuleruta, og legg maks opp til 37 veker med undervisning.

Når det gjeld undervisningstid, er hovudregelen at:

  • Ein elev skal ikkje ha mindre enn 20 minutt undervisning per veke
  • To elevar skal ikkje ha mindre enn 30 minutt undervisning per veke
  • Tre eller fleire elevar skal ikkje ha mindre enn 40 minutt undervisning per veke
  • For dans, drama og teater og visuelle kunstfag gjeld eigne reglar. Denne undervisninga varierar i lengde, og skjer i faste grupper.

Krav til søkjar

  • Er eg gamal nok? Kulturskulen er eit tilbod til born og unge i alderen 6 til 20 år. 6-åringane må ha starta i 1. klasse. Det er inga aldersgrense for barn, unge og vaksne med særskilte behov.
  • Kan eg få fleire tilbod? Det er i utgangspunktet berre mogleg å få eitt tilbod på kulturskulen. Unntaket er dans, drama og teater og visuelle kunstfag. Går du på eitt av desse tre kursa, kan du søkje om å få tilbod på eit instrument i tillegg.
  • Må eg ha instrument? Vi ventar at elevar som skal lære å spele eit instrument, skaffar seg eitt sjølv eller leiger dette av kulturskulen.
  • Får eg fortsetje? Ja, normalt får alle som har starta på eit tilbod halde fram, men alle som ønskjer å fortsetje på kulturskulen må re-registrere søknaden sin. Kva dette inneber og korleis du gjer dette, kan du lese meir om under "slik søkjer du".

Kva kostar det?

 

Per år

Per semester

Ordinær elevkontingent

3.126 ,-

1.563,-

Undervisning i grupper

3.126 ,-

1.563,-

Leige av instrument/forsterkar

600,-

300,-

 

Familiemoderasjon

  • Nummer 2, 3 (osv.) i familien får 25 % moderasjon på kontingenten.
  • OBS: Familiemoderasjonen slår først automatisk inn når ein og same føresett søkjer og er betalar for alle i familien.

Påmelding

  • Påmeldinga er bindande. Du får ei rekning i posten per semester.
  • Har du re-registrert søknaden din og veljer å ikkje møte, må du betale for heile semesteret.

Refusjon

  • Du kan søke om og har krav på refusjon om kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn fire undervisningsdagar per halvår.
  • Du må ikkje betale for resten av semesteret om du flyttar til utlandet eller ein annan kommune.

Nye elevar

  • NYE elevar som ikkje finn seg til rette med undervisninga må ta dette opp med læraren. Vil du likevel trekke deg etter oppstart, må du sende oppseiing til kulturskulen innan 31.august, ellers blir du fakturert for heile hausthalvåret. Oppseiing må skje direkte til kulturskuleadministrasjonen pr. epost
  • Epostadresse: kulturskulen@lindas.kommune.no

 

Slik søkjer du

Kulturskulen har sitt eige, nettbaserte system for søkjarar. Alle søkjarar får brukarnamn og passord til sin eigen side i dette systemet. Dette gjeld også for dei som hamnar på venteliste.

Før du opnar søknadsskjemaet, merk deg at:

  1. Du må fylle ut søknadsskjemaet ilag med mamma, pappa eller ein føresett.
  2. Du må ha personnummeret til både eleven og den føresette for handa.
  3. Familiemoderasjonen slår berre inn når ein og same føresett er betalar for alle i familien.
  4. Alle elevar ved kulturskulen får halde på plassen ved ny sesong, men dette skjer ikkje automatisk. For kvart skuleår, må foreldre og føresette logge seg inn og re-registrere plassen. Dette betyr at du aktivt må stadfeste at du vil halde på plassen din.
  5. Når du re-registrerar søknaden din er fødselsdato til eleven brukarnamn. Passord har du fått på e-post. Har du gløymt passordet? Trykk på "gløymt passord" for å få tilsendt eit nytt.
  6. Alle som søkjer, kjem automatisk på venteliste. Du som står på venteliste, må også re-registrere søknaden din.
  7. All kommunikasjon i det elektroniske søknadssystemet vårt, skjer på e-post og tekstmelding.

 

Søkjer du for første gong?        (søknadsfrist heile året)
Trykk her for å registrere søknaden din.

Har du plass på kulturskulen, og ønskjer å fortsetje?   (Sjå fristar for re-registrering og utmelding)

Trykk her for å re-registrere søknaden din på nytt.

 

Utmelding

Sjå fristar under søknadsfrist.

All utmelding må skje skriftleg på e-post eller per brev til kulturskulen. Munnleg melding til lærar er ikkje gyldig. Utmeldinga er registrert når du har fått skriftleg tilbakemelding frå kulturskulen.

NB: Utmelding som kommer inn etter frist vil bli fakturert som nytt påbegynt semester.

 

Permisjon

Ein elev kan søkje om permisjon på følgjande grunnlag
 
  • Hvis eleven og/eller familien midlertidig flyttar ut av kommunen (eks: studieopphald-jobb
  • Ved langvarig sjukdom

Søknad må rettjast til kultuskulen pr epost.

Dei som får innvilga permisjon setjast på venteliste og har fyrsteprioritet ved nytt elevopptak.

 

 

Fristar for re-registrering og utmelding

  • 1. november for utmelding (vårtilbodet). Dette gjerast med epost eller brev til kulturskulen.
  • 1. april for re-registrering og utmelding (hausttilbodet).Dette gjerast via re-registrering på Speedadmin. Vi opnar for re-registrering 1. mars

Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai/juni kvart år

 

 

 

 

 

 
Web levert av CustomPublish