Per Fugelli lokka både fram tårene og latteren til dei frammøtte på temakafeen til Kreftforeininga.

Per Fugelli lokka både fram tårene og latteren til dei frammøtte på temakafeen til Kreftforeininga.

Kreftramma fekk Fugellis resept

Korleis finne meining i eit liv med alvorleg sjukdom? Per Fugelli delte sin resept i eit nært møte med kreftramma i Nordhordland.

Denne veka hadde temakafeen for kreftramma 1-årsjubileum. Tilbodet vart oppretta for å gi kreftramma i regionen ein møtestad – for uformell samtale og påfyll.

Kreftforeininga står bak temakafeen, som vert drifta av frivillige. I tillegg gir Lindås kommune eit tilbod om trening med fysioterapeut ein time før kafeen opnar. Alt dette skjer den første torsdagen kvar månad på seniorsenteret i Knarvik:

  • Trening frå klokka 14.00 til 15.00.
  • Temakafé frå klokka 15.00 til 17.00.

Balanse i livet

Tysdag 1. september tjuvlanserte Kreftforeininga haustprogrammet – for å gi plass til ein heilt spesiell gjest. Per Fugelli var i regionen i samband med KnarvikMila, hadde sagt ja til å dele sin historie med dei frammøtte på temakafeen.

Samlinga vart eit nært og heilt spesielt møte mellom ein mann som har levd med kreften dei siste seks åra og menneske i Nordhordland som på ein eller annan måte er ramma av kreften sjølv.

Fugelli delte sine erfaringar og refleksjonar for å vise at det er mogleg å finne balanse i livsrekneskapen, sjølv med ein alvorleg sjukdom på minussida. Heilt sidan han vart kreftsjuk for seks år sidan, han han vore nysgjerrig på nettopp det:

Resepten til Per

– Kva er det som gjer at eg finn balanse i rekneskapen min? Korleis verkar skummel sjukdom inn på dei viktige verdiane i livet?

For Per Fugelli er barnebarna den store plussen. Her hentar han glede og livsvisdom. Dei er ein del av flokken hans, som gjer at han høyrer til – og er ein sentral del av resepten på helsekjelda til Per. Ingrediensane i hans eigen resept er:

  1. Verdigheit
  2. Sjølvstendigheitsmot
  3. Tilhøyrigheit
  4. Meining
  5. Likevekt

Sjukdomen rokkar ved alle ingrediensane. Til dømes kan det vere tøft å ha mot til å vere seg sjølv, når folk du møter berre ser sjukdomen – og ikkje deg, den du alltid har vore.

Nytt perspektiv

Etter ei tid som sjuk, har Fugelli endra perspektiv.

– Eg er i beste fall litt meir ekte. Eg har ikkje tid til maskespel – berre tid til det som er vesentleg. Målestokken er endra frå bagatell til vesentlegheit, fortel Fugelli.

Og dette var rådet til dei frammøtte på temakafeen.

Folk må sjølv finne sine helsekjelder – og ta medisinen ilag med ein god dose av det nye perspektivet.

– Vi må endre målestokk, forandre på det vi kan – og le av resten!

Haustprogrammet

Torsdag 1. oktober er det ny temakafe. Gjest på den neste samlinga er Bjørn Olav Hagesether. Han kjem for å dele eigne bilete og forteljingar frå naturen.

Trykk her for å lese meir om temakafeen og sjå kva som skjer på dei andre samlingane før jul.

Web levert av CustomPublish