Korttidsopphald i institusjon

Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vere å kartleggje helsetilstanden og ernæringsstatusen din eller vurdere kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening.

Kva får du?

  • du får tilbod om det opphaldet vi vurderer er best for deg
  • du får hjelp av autorisert helsepersonell
  • du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • du får tilsyn av sjukeheimslege
  • du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
  • du får fysioterapi ved behov
  • du får gratis medisinar
  • du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
  • du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
  • du treng hjelp til opptrening
  • du treng sosial stimulering
  • du treng hjelp til ernæring

Kva kostar det?

Eit kortidsopphald kostar 155 kroner per døgn.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningsliner for tildeling av rehabiliteringsopphald i institusjon.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish