Kor skal vi byggje breiband no?

Vi skal søkje nye midlar, men kva område skal vi prioritere denne gongen? Kom med innspel innan 17. mai.

Nett no byggjer Telenor, Bergen Fiber og Nettstar breiband i store delar av kommunen vår. No skal vi søkje støtte til å byggje ut endå fleire område.

Sidan vi ikkje veit kor stor breibandspotten blir i neste runde og kva tilbod vi får, veit vi ikkje kva område vi kan prioritere. Vi veit heller ikkje kva type tilbod vi får. Breiband kan leverast på alt frå fiber til radio og koppartråd.

Vi har laga ei oversikt over område med dekning på mindre enn 30 Mb/s. Kjenner du til andre område med like dårleg dekning? Kom med innspel.

  • Romarheim
  • Spjeldneset 
  • Erstad 
  • Nævdal_Fjellsenda
  • Radøyvegen 
  • Lauvås_Syslak 
  • Hjelmtveit 
  • Kvalvåg_Skodvis_Vågseid
  • Lilteskaret 
  • Hodnekvam 
  • Feste 
  • Mykingvegen 
  • Hosøy_Nesbø 
  • Vikanes 
  • Hindenes 
  • Kleivdalsvegen 
  • Molvik 
  • Storset 
  • Våbøvegen 
Slik kjem du med innspel
  1. Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale.
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu.
  3. Vel emne «Breiband - høyring».

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Fristen for å kome med innspel er 17. mai 2018.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar Ole Jakob Aarland på e-post oja@lindas.kommune.no. Ønskjer du direkte kontakt, ring kundesenteret på 56 37 50 00.

Kva skjer vidare?

Vi kjem til å søkje om støtte til utbygging i mai. Deretter inviterer vi aktørane til å komme med tilbod, før vi vurderer tilboda og landar på kva område som får breiband i neste runde. 

Den endelege lista med oversikt nye område blir truleg klar seint i 2018.

Web levert av CustomPublish