Kontordag og folkemøte 26. august

Har du spørsmål eller innspel til ny områdeplan for Knarvik sentrum? Kom og snakk med folk frå fagavdelinga vår og prosjektleiaren frå Asplan Viak.

I samband med høyringa på framlegg til ny områdeplan for Knarvik sentrum, inviterer kommunen til kontordag og folkemøte den 26. august i Nordhordlandshallen.

Dørene til kontordagen er opne frå klokka 12.00 til 16.30. Målet denne dagen er å leggje til rette for dialog mellom innbyggjarar, grunneigarar, andre interesserte og representantar frå styringsgruppa (plan- og miljøutvalet), konsulentar for planarbeidet, regionale mynde og administrasjonen.

På folkemøtet, som startar klokka 18.00, vil Asplan Viak presentere framlegg til områdeplan for Knarvik sentrum. Framlegget er til offentleg ettersyn med merknadsfrist 22. september. 

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish