Hans Majestet Kongens garde kjem til Lindås fredag 4. juli klokka 1100.

Hans Majestet Kongens garde kjem til Lindås fredag 4. juli klokka 1100. unknown

Kongens garde kjem til Lindås!

Hold av fredag 4. juli for tidenes oppleving utanfor Nordhordlandshallen.

– Dette er eit ærefullt oppdrag for Lindås kommune. Eg håpar så mange som mogleg tar turen til Nordhordlandshallen denne dagen, seier fungerande kultursjef, Eileen Feste.

Kommunen har hatt kontakt med garden sidan i vinter. Jubelen stod i taket, då den endelege meldinga kom: Hans Majestet Kongens garde kjem til Lindås fredag 4. juli klokka 1100. Arrangementet er ope og gratis for alle som ønskjer å sjå på.

– Det er tøft at dei kjem til kommunen med Europas leiande brassmiljø! Dette er verkeleg noko for medlemmer i brassbanda våre, seier Feste og oppmodar både desse miljøa og andre til å samle troppane for ei oppleving av dei sjeldne.

Garden er på Vestlandsturne frå 1. til 4. juli. Stuntet i Lindås er oppvarming til turneavslutninga i Bergen fredag ettermiddag.

3. Gardekompani, som kjem til Lindås, består av fire troppar: Drilltropp, signaltropp, musikktropp og ein stabstropp. Alle er med på vestlandsturneen. Dei stiller med blanke sko og rake rygger – slik vi er vant til å sjå dei.

– Vi markerer grunnlovsjubileet med ei rekkje arrangement i år. Ingenting er meir fantastisk då, enn å få garden på besøk, seier Feste som veit kva ho skal gjere fredag 4. juli klokka 1100.

Web levert av CustomPublish