Kommunepsykolog

Psykologtenesta i Lindås er eit lågterskeltilbod til personar med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringer som verkar inn på den psykisk helse. Lågterskel betyr at vi ikkje krev tilvising frå lege. Vi har to psykologar i tenesta, og dei har delt ansvaret for barn, unge og vaksne.

Kva får du?

Tilbodet er tilpassa milde til moderate vanskar og inneber kartlegging, behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Målet er å behandle og hindre problemutvikling. Har du behov for meir omfattande og langvarig behandling, kan det hende du treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta.

Krav til dei som søkjer

Tilbodet er til personar som bur i Lindås kommune.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Alle spørsmål til kommunepsykolog skjer gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern, PPT  og forvaltningskontor.

Bruk kontaktskjema for å ta kontakt med kommunepsykologen for barn og unge

Trykk her for å laste ned kontaktskjema for kommunepsykolog for barne og unge.

John Petter Wadseth, kommunepsykolog for vaksne                                                                                                                                 
Besøksadresse: Knarvik senter, Kvernushaugane 2, 5914 Isdalstø
Mobil: 945 11 854                                                                                                                                      

Julie Helbostad, kommunepsykolog for barn og unge
Besøksadresse: Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø
Mobil: 409 13 547                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                  

Web levert av CustomPublish