Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen

Høyring av planprogram og varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 og 11-13 vedtok Plan – og miljøutvalet i møte den 31.05.2017 oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen.

Planarbeidet omfattar revisjon av kommunedelplan for Knarvik- Alversund og kommunedelplan for Alverstraumen. Dei to kommunedelplanane vert slått saman til eitt planområde i tillegg til at planområdet vert utvida mot nord. Området Kvamme-Fosse er tatt med i planområdet.

Hovudmål med planarbeidet er å leggje til rette for venta vekst i folketalet i regionsenteret med omland og førebu kommunesamanslåing. Det er dei overordna strukturane som vil ha hovudfokus. Viktige tema er regionsenterutvikling, samordna areal og transportplanlegging, bustad, næring, landbruk, natur og friluftsliv, kulturarv, miljø og tilpassing til endra klima. Det skal leggjast til rette for å styrkje forbindelsane for gåande og syklande og sikra tilstrekkeleg areal til  friluftsliv og rekreasjon i nærleiken av der folk bur. 

Les meir

Du kan laste ned og lese dokumenta her, eller låne eit leseeksemplar på kundesenteret i rådhuset vårt.

Høyringsperioden er frå 21. juni til 9. september 2017.

Slik kan du komme med innspel

  • Send skriftleg uttale og innspel til planprogrammet og oppstart av planarbeidet innan 09. september 2017
  • Innspelet kan du sende på e-post til postmottak@lindas.kommune.no
  • Via elektronisk skjema
  • Eller pr post til: Lindås kommune, Postmottak, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
  • Merk innspel med «Kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen, innspel planprogram»
Web levert av CustomPublish