Kommunal bustad

Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Vi kan medverke til å skaffe deg ein stad å bu, om du ikkje klarar dette på eiga hand.

Kva får du?

Kommunen har to typar kommunale bustader:

  1. Gjennomgangsbustader: Dette er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.
  2. Omsorgsbustader: Desse bustadane er i hovudsak for eldre, funksjonshemma med særleg trong for tilsyn og personar med utfordringar relatert til rus og psykisk helse.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsaker ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleie til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Trykk her for å laste ned laste ned alle kriteria våre for tildeling av kommunale bustader

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for kommunal bustad.

  1. Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som visar kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  2. Er du skilt eller separert, må du legge veg kopi av skifteavtale.
  3. Er du utandlansk statsborget, må du legge ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

Lindås kommune
Bustadkontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Du kan også levere skjemaet i ekspedisjonen på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Web levert av CustomPublish