Kom på folkemøte om massehandtering

Lindås kommune inviterer til folkemøte i samband med høyringa av planprogrammet for kommunedelplan for massehandtering for Lindåsneset med Mongstad.

Stad: Lindåshallen

Tid: Tysdag 11. november kl. 18.00

Kommunedelplanen tek sikte på å løyse problematikk knytt til plassering av masser, med hovudfokus på jordmasser, i samband med utbygging av nye næringsområde på Mongstad.

På møtet vil planprogrammet verte gjennomgått og det vert høve til å stille spørsmål og kome med innspel til det vidare planarbeidet. Planarbeidet skal kartlegge moglege område for plassering av massar til jordforbetring og faste og midlertidige deponi og innspel knytt til dette vil vere interessante for kommunen.

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish