Kom med innspel til nytt planprogram

Framlegget til planprogram for kommunedelplan for helse, sosial og omsorg ligg på høyring til 19. oktober. Planen skal gjelde i 10 år frå 2017. Les meir for å sjå korleis du kan påverke.

30. august 2016 gjorde Levekårsutvalet i Lindås kommune vedtak om å sende framlegg til planprogram for kommunedelplan for helse, sosial og omsorg 2017 -2027 ut på høyring. Høyringa vert gjennomført i samsvar med plan- og bygningslova § 5-2 og 11-14.

Framlegg til planprogram for kommunedelplan for helse, sosial og omsorg 2017 -2027 ligg til offentleg ettersyn i tida 5. september - 19. oktober 2016 på rådhuset i Knarvik og her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å bla i framlegget til planprogram

Høyringsfrist

19. oktober 2016

Slik kan du påverke

Merk innspelet ditt med saksnummer 16/2641, og send det på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til: 

Lindås kommune
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø 

Web levert av CustomPublish