Planlegg ein by for Nordhordland

Nordhordland skal få sin eigen moderne kystby med grøne møteplassar, sentrumsnære bustader og meir handleareal.

Planen vart endeleg vedtatt på kommunestyremøtet 18. juni 2015.

Trykk her for å laste ned melding om vedtaket.

Planlegginga av det nye Knarvik sentrum er eit arbeid Vestlandet og Noreg knapt har sett maken til. Områdeplanen er omfattande og ambisiøs – og legg opp til ei framtidsretta og tett byutvikling med frodige byrom, 2.000 nye bustader og god plass til fleire butikkar og kafear – både på gateplan og i høgda.

Framtidsbyen Knarvik skal vere eit sentrum for oppleving, handel, kultur og aktivitet, ikkje berre for innbyggjarar i kommunen – men tilreisande, bergensarar og strilar frå heile regionen.

På desse sidene får du sentral informasjon frå planarbeidet, og kan mellom anna:

 

 

Web levert av CustomPublish