Ordførar Astrid Aarhus Byrknes er stolt ambassadør for Knarvikmila.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes er stolt ambassadør for Knarvikmila.

Knarvikmila

Knarvikmila 2016 strekkjer seg over dagane frå 27. august til 4. september.

Knarvikmila er gull verdt for Lindås kommune. 

Sidan starten i 1981 har Knarvikmila gått frå å vere eitt løp til ei veke med aktivitet til heilårssatsing på folkehelsearbeid. På linje med korpsrørsla har Knarvikmila blitt ein del av identiteten til strilane frå Lindås. 

Lindås kommune er stolt vertskommune for Knarvikmila, og ønskjer små og store lykke til med korte og lengre distansar når alt brakar laus i månadsskiftet august/september.

Vi oppmodar innbyggjarane i kommunen og regionen vår til å delta aktivt, og ønskjer tilreisande velkommen til Lindås kommune. 

Og til arrangørane: Lykke til med eit flott - og viktig - arrangement! Takk for arbeidet de gjer.

 
Web levert av CustomPublish