PAKKA OG KLAR. Anne Marit Stusdal er arbeidsleiar på KIM. Her forskar ho seg fram til den mest effektive pakkemetoden, ilag med brukarane Margun Nesbø og Tove Sellevold.

PAKKA OG KLAR. Anne Marit Stusdal er arbeidsleiar på KIM. Her forskar ho seg fram til den mest effektive pakkemetoden, ilag med brukarane Margun Nesbø og Tove Sellevold.

Klar, ferdig – snegleaksjon!

Har du sett av tid til å hente din pose med Nemaslug? Tilsette på Knarvik Industri og Miljø jobbar på spreng for å gjere alt klart til utdelinga torsdag 28. april klokka 18.00.

På torsdag går startskottet for snegleaksjonen 2016. Då inviterer Lindås kommune alle innbyggjarar til storstilt dugnad. Målet er sjølvsagt å redusere talet på brunsniglar.

Dugnaden i fjor vart ein kjempesuksess og mobiliserte innbyggjarar i heile kommunen. På utdelingsdagen stod det lange køar framfor dørene til dei fire utdelingsplassane.

Kommunen hadde ikkje ein pose att etter utdelinga i fjor, og håpar på same respons i år.

Her skjer utdelinga:

  • I Nordhordlandshallen i Knarvik
  • I gymsalen på Alversund skule
  • I Lindåshallen på Lindås
  • I idrettsbygget på Ostereidet

1600 posar med Nemaslug

Totalt skal Lindås kommune dele ut 1600 posar med Nemaslug.

I fjor tok tilsette på rådhuset jobben med å dele opp middelet i passe dosar. I år har Knarvik Industri og Miljø (KIM) tatt på seg oppdraget.

Dagleg leiar i KIM, Audun Stusdal, set stor pris på utfordringa – og håpar dette kan inspirere fleire til å bruke KIM til enkle oppgåver.

– Enkelt rutineoppdrag er heilt topp for oss og våre brukarar! Vi er ikkje så rask i snuen, men kan ta på oss alt frå reinhald til hagearbeid og monteringsarbeid, seier han.

Tove Sellevold og Margun Nesbø har varig tilrettelagt arbeid (VTA) på KIM. Dei har heller ikkje sansen for dei brune, sleipe sniglane – og synes det er artig å bidra. Tove og Margun testa pakkemetoden på måndag, og får selskap av 10-20 ekstra brukarar når pakkinga startar for alvor.

Treng du hentehjelp?

Det som blir att etter utdelinga torsdag 28. april blir samla på rådhuset i Knarvik.

Kjem du deg ikkje ut, kan du alliere deg med ein nabo eller kjenning. Då må du utruste hjelparen din med eit løyveskjema, som du finn på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned løyveskjemaet.

Det er berre ein pose Nemaslug til kvar på utdelingsdagen, men hjelparar kan ta med seg inntil to posar til – om dei har med seg eit ferdig utfylt og signert skjema.

Aksjonen skjer etter førstemann-til-mølla-prinsippet!

 

Har du eit oppdrag til KIM?

  • Sjekk heimesida til KIM for å sjå kva dei kan gjere for deg: www.k-im.no
  • Send ein e-post til dagleg leiar, Audun Stusdal, for å høyre om oppdraget ditt passar for brukarane på KIM. E-postadressa til Audun er audun@k-im.no.
Web levert av CustomPublish