Klage på eit vedtak i ein byggje- eller delingssak

Har du som søkjer fått eit vedtak som du vil klage på?

Klagefristar

Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart levert i postkassa eller på e-posten din.

Har du ikkje mottatt vedtaket frå oss, er fristen tre veker frå du vart gjort kjent med vedtaket. 

Du kan vanligvis ikkje klage seinare enn tre månader etter at vedtaket vart fatta, då gjeld eigne reglar.

Slik klagar du

  • Vi har ikkje eit eige skjema for å sende ein klage. Klagen sender du ei eit vanleg brev til oss.
  • Klagen må være skriftleg. Du må vise til vedtaket det vert klaga på og kva endring du ønskjer i vedtaket.
  • Klagen sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med post til Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
  • Du må poste klagen før fristen går ut.

Kva skjer vidare?

  • Når du sender klagen, vil du motta eit brev som stadfestar at vi har mottatt klagen din.
  • Dersom du har bedt om utsett iverksetting av vedtaket, vert det vurdert av kommunen.
  • Dersom det er fleire partar involvert, så vert klagen sendt til partane med frist for å gi kommentarar til klagen.
  • Vi behandlar klagen administrativt først og kan endre vårt vedtak.
  • Vi skal behandle klagen din innan åtte veker. I saker der vi har gitt utsett iverksetting av vedtaket, er fristen seks veker.
  • Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, skal klagen til behandling i plan- og miljøutvalet, som er eit politisk utval. Du vil få brev frå oss om klagen din skal til handsaming i utvalet. Trykk her for meir informasjon om plan- og miljøutvalet, medlemmer og møteplan.
  • Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, sender vi klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland for behandling.
  • Fylkesmannen skal behandle klagen innan tolv veker

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å klage på eit vedtak.

Kva seier lova?

Web levert av CustomPublish