Brunsnigel ingressb

Kampen mot brunsnigelen – held fram

Etter tre år med gratisutdeling av Nemaslug, sender vi stafettpinnen vidare og håpar kvar enkelt viderefører kampen.

I august 2015 inviterte Lindås kommune til storstilt dugnad for å redusere talet på brunsniglar i kommunen. Vi gjentok suksessen i 2016 og 2017.

Heilt sidan starten har vi vore tydelege på at utdelinga er eit 3-årig prosjekt. No sender vi stafettpinnen vidare til deg – og håpar du tar kampen i eigne hender.

Vi har samla tre kjende oppskrifter på eit eige informasjonsskriv – til deg som treng hjelp til å komme i gang. 

Trykk her for å laste ned oppskriftsarket.

Tar du utfordringa?

Vi ønskjer alle lykke til med felles dugnad for ein kommune med mykje hageglede – og lite brunsnigel!

Web levert av CustomPublish