God jul

God jul

Julehelsing frå ordføraren

 Som ordførar er det for meg ei glede å få ynskje alle innbyggjarane i Lindås kommune ei god og fredeleg julehøgtid.

23. desember 2013 - 01. januar 2014

Eg vil nytte høvet til å takke. Takk til alle ansatte i kommunen som kvar einaste dag står på for å gje dei gode tenestene, som møter innbyggjarane og som er med i dette viktige lagspelet for å utvikle kommunen vår. Takk til kommunestyret som med iver og engasjement står på for å finne dei gode løysingane for kvardagen til oss alle.

Takk til alle lag og organisasjonar, ildsjeler og innbyggjarar som er med å skape aktivitte og møteplassar, kultur og mangfald.

Det er godt å bli sett og verdsatt, og eg håper mange gjer nettopp det denne jula.

Eg håper julen 2013 bli ei jul prega av varme og omsorg. Ta vare på kvarandre , nyt denne gode høgtida, og bruk litt av den til ettertanke og takksemd . Sjå kvarandre, gje ei hand, eit smil, eit godt blikk.

Ta med deg nokre strofer frå den vakre julesongen frå vår eigen Lindåsdiktar  Aslaug Laastad Lygre

 « Glade jol i vinternatt «

Glade jol i vinternatt, ljoset stig og sol kjem att

Djupt i frosne jorda kald, ligg eit frø som spira skal

Og Guds son er fødd og boren

Kongekåren

 

Gledeleg jul, og godt nytt år 2014

Beste helsing

Astrid

 

 

Web levert av CustomPublish