Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer deg ei god jul - og eit godt nytt år.

Julehelsing frå ordføraren vår

Astrid Aarhus Byrknes takkar for i år og ser fram mot eit spennande 2018, eit år der arbeidet med å byggje nye Alver kommune verkeleg får fart.

Endeleg står jula for døra og vi kan glede oss til tid ilag med slekt og vener. Sjølv gler eg meg til å kople av, ete god mat og ja – alle juletradisjonane våre. Julehøgtida byr på glede og forventningar for mange. Samstundes veit eg at nokre gruar seg. Eg håpar alle, uansett kor dei er i livet, kan finne fred og håp i tida vi no går inn i.

Eg er utruleg heldig! Tenk å få lov til å vere ordførar for ein så flott kommune i så mange år. Som ordførar møter eg mange som gjer ein ekstra innsats for andre. Eg opplever at vi har lokalsamfunn med tru på framtida og innbyggjarar som strekkjer seg langt.

Takk til eldsjeler og frivillige!

Eg set stor pris på alle rause innbyggjarar, og er uendeleg glad for å sjå alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned kvar einaste dag. Eldsjeler og frivillige er limet i lokalsamfunna våre. De og gullet vårt!

Også i 2017 har vi fått nye innbyggjarar til kommunen vår. Kvar og ein er hjarteleg velkomne og eg håper alle finn seg godt til rette.

Det vil alltid vere ting som kan bli betre, men eg meiner at vi gjer mykje smart og godt i Lindås kommune. 2017 har vore eit spennande år, der vi mellom anna fått på plass ein ungdomskoordinator. Vi har også gitt barn og unge gratis tilgang til idrettshallane våre og jobba aktivt med målretta, tidleg innsats i skulen.

 

Takk til tilsette og næringslivet!

 

Vi har mange dyktige tilsette i kommunen vår. Eg vil takke alle som jobbar og står på for å gi gode tenester til dei som bur i kommunen.

Så vil eg rette ein stor takk til næringslivet vårt. De gjer ein utruleg viktig jobb. I tillegg til å drive eiga verksemd, tar de aktiv del i utviklinga av samfunnet vårt. De stiller med praksisplassar til dei som treng det og tar imot lærlingar. De representerer eit mangfald, som gjer at det finst spennande arbeidsplassar. Tusen takk skal de ha!

Takk til Radøy og Meland!

2017 har også vore eit historisk år. Vi skal byggje ein ny kommune ilag med nabokommunane våre Radøy og Meland.

Arbeidet med å byggje den nye kommunen er allereie i gang, og Lindås-rådmann Ørjan Raknes Forthun har fått oppgåva som programansvarleg i «byggjeperioden» og skal vere rådmann i Alver kommune.

Alver kommune vil prege mykje av det vi jobbar med i 2018 – både det vi gjer politisk og fokuset til dei tilsette. Dette er krevjande, men først og fremst utruleg spennande. Eg gler meg til arbeidet med å byggje ein raus og inkluderande kommune – og ser fram til at vi skal markere oss som ein sterk og attraktiv kommune på Vestlandet 1. januar 2020.

Takk for i år – velkommen 2018!

Men først skal vi seinke skuldrene og lade batteria til året som kjem.

Eg ønskjer alle ei riktig fredeleg og minnerik julehøgtid og eit godt nytt år!

Web levert av CustomPublish