Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer alle i kommunen ein riktig god jul og eit godt nytt år.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer alle i kommunen ein riktig god jul og eit godt nytt år. www.ganeshfoto.no

Julehelsing frå ordførar

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes rettar ein varm takk til alle frivillige, tilsette i kommunen og næringslivet i julehelsinga si til innbyggjarane i kommunen.

Kjære innbyggjar,

Endeleg står jula for døra og vi kan glede oss til tid i lag med slekt og vener. Sjølv gler eg meg til late fridagar, god mat og kjære juletradisjonar. Julehøgtida  er tida for fred, ettertanke og håp – tid for å takke og sjå fram.

Takk til alle frivillige!

Eg har vore ordførar i den flotte kommunen vår i mange år no, og møter stadig nye eldsjeler. Eg opplever at mange av dei som bur i lokalsamfunna våre har trua på framtida, strekkjer seg langt for å gjere ein innsats og er flinke til å heie på kvarandre.

Takk til alle som stiller opp, time etter time, i regn og solskinn, vekedag som helgedag – takk for at de vil gjere ein forskjell for andre! De er gullet vårt, limet i lokalsamfunna våre.

Arbeidet de gjer gir nærvær og livsglede til eldre på sjukeheimar og bufellesskap, de gir gode barndomsminne med meistring og glede innan idrett og musikk, de gir oss flotte kulturopplevingar for store og små og de bidrar til språktrening for  våre nye landsmenn. Eg har stor respekt for innsatsen de gjer på kvar dykkar måte.

Takk til dei tilsette i kommunen!

Vi er heldige som lever i trygge og gode lokalmiljø i Lindås kommune. I den dramatiske tida verda er inne i, med krig og konfliktar, er det ekstra viktig å setje pris på den fridomen og tryggleiken vi får nyte godt av kvar dag.

Det er alltid ting som kan bli betre her heime også, men eg synes vi lukkast med mange ting i Lindås kommune. I 2017 legg vi mellom anna til rette for endå fleire tiltak retta mot barn og unge. Vi får på plass ein ungdomskoordinator, gjer idrettshallane våre gratis for barn og unge, vi aukar kulturbudsjettet og øyremerker 300.000 kroner til tiltak for barn og unge og vi har målretta tidleg innsats i skulen.

Tenestene våre har høg kvalitet og det skal vi vere stolte av! Avdelingane våre blir drive av dyktige folk – som står på kvar dag for å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i kommunen. Eg vil takke alle tilsette i kommunen for jobben dei gjer!

Takk til næringslivet vårt!

Til slutt vil eg takke næringslivet. De legg ned ein stor innsats for verdiskaping og arbeidsplassar, som betyr mykje for samfunnet vårt!

De sørgjer for julestemning på sentra våre i desember. De stiller med praksisplassar til dei som treng det og tar imot lærlingar. De representerer eit mangfald som er viktig for oss å behalde. Tusen takk skal de ha.

Takk for i år!

Når julefreden senker seg, er det mange som er saman med sine næraste. Men det er også mange som av ulike grunner er åleine. Nokre har kanskje blitt arbeidsledige og mange opplever usikre tider i arbeidsmarknaden. Nokre opplever julehøgtida som vanskeleg på grunn av rus, og nokre skal feire den første julekvelden etter å ha mista ein av sine kjære. For mange kan julehøgtida  vere ei tid der det som er vondt og vanskeleg blir forsterka.

I denne tida tenkjer eg særleg på dykk. Vi kan alle ta eit ansvar for å invitere inn dei vi kjenner og som vi veit ikkje har det greitt i jula.

Julebodskapen med fred og frelse til jorda har verdiar som alle kan einast  om, uansett kven og kva vi trur på. Det er ei flott høgtid der vi kjem saman, og kan bety noko for kvarandre.

Eg ønskjer alle ei fredeleg og minnerik julehøgtid og eit godt nytt år for 2017!

Varm førjulshelsing,
Astrid Aarhus Byrknes
Ordførar i Lindås kommune

Web levert av CustomPublish