Jordmor og svangerskapskontroll

Alle gravide har rett til gratis svangerskapskontroll. Tilbodet får du hos fastlegen din eller hos jordmor på helsestasjonen. Ønskjer du oppfølging av jordmor? Ta kontakt med helsestasjonen tidleg i svangerskapet.

Kva kan vi hjelpe deg med?

  • Livsstilsamtale; når du planlegger å bli gravid eller er tidlig i svangerskapet. Samtalen kan mellom anna handle om hjelp til å endre helse og livsstil.
  • Jordmor kan følgje deg/dykk gjennom heile svangerskapet og sende deg til lege eller spesialist om du treng det.
  • Helsekontroll.
  • Førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre. Fødselsførebuande kurs, eit tilbod til alle fyrstegongsfødande.
  • Ved behov, samtale etter fødselen.
  • Hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.
  • Jordmødre og helsesøstre på helsestasjonane våre inviterer til samtale om viktige tema for deg og barnet ditt. Med programmet «Tidleg inn» ønskjer vi å førebyggje og gi hjelp til å handtere psykisk helse, rus og vald i nære relasjonar. Trykk her for å lese meir om "Tidleg Inn"
  • I 2018 har vi som prosjekt å gi tilbod om barselsoppfølging dei fyrste 5 dagane etter fødselen. Me tar kontakt med alle nybakte familier fyrste virkedag etter heimkomst frå sjukehuset og kan tilby oppfølging av bornet med nyfødtscreening, kontroll av gulsott, ammehjelp, veging og oppfølging av mor dei fyrste dagane av barseltida. Prosjektet har som mål å styrke ei heilskapleg helsestasjonsteneste og leggje til rette for ein god og trygg start med bornet ut frå familien sitt behov. Frå 6. dag overtek helsesøster ansvaret for familien, sjå "Etter fødselen"

Oppfølging under svangerskapet

Kor langt er du på veg?

Du møter

Kontrollar og prøver

Veke 8-12

Lege

Blodprøve og blodprosent

Veke 12-16

Jordmor

Blodtyping og Tidleg Inn

Veke 17-19

Lege (kvinneklinikken)

Ultralyd

Veke 24

Jordmor

Rh neg – ny blodprøve. Tidleg Inn.

Veke 28

Lege

Blodprosent
Glukosebelastning ved behov

Veke 32

Jordmor

Samtale om amming

Veke 36

Jordmor

Samtale om fødsel

Veke 38

Lege

 

Veke 40

Jordmor

 

Veke 41

Kvinneklinikken

Terminkontroll

 

Etter fødselen

Trykk her for å lese om vidare oppfølging på helsestasjonen etter fødselen.

Kontakt oss

Lindås helsestasjon

  • Her treff du jordmor Randi H. Boge
  • Ring mob.: 409 10 907
  • Send e-post til lindas.helsestasjon@lindas.kommune.no
  • Opningstider: Torsdagar t.o.m 31. oktober 2018. F.o.m 1. november 2018; tysdagar.
  • Du finn oss i Kolåsvegen 7, 5955 Lindås

Lindås Nærjordmordsenter. (Knarvik helsestasjon).

  • Her treff du jordmor Randi H. Boge og jordmor Nina Stangeland. 
  • Ring oss på 56 37 50 74, eller mobil; Randi H. Boge: 409 10 907. Nina Stangeland: 409 10 908
  • Send e-post til knarvik.helsestasjon@lindas.kommune.no
  • Opningstider: Måndag til fredag. Nina er her måndag t.o.m torsdag. Randi er her tysdag, onsdag og fredag 2018 (gjeld t.o.m oktober 2018). F.o.m 1. november 2018: Randi er her onsdag, torsdag og fredag.
  • Her finn du oss: Kvassnesveien 48, 5914 Isdalstø. Eigen inngang ved sidan av Helsetunet Legekontor.
Web levert av CustomPublish